• Company
    Fjord1 ASA
  • Application deadline
    10.12.2025
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Ferger
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5300, KLEPPESTØ
    ASKØY
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6472482
  • Look here for other jobs from Fjord1 ASA
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Fjord1 ASA

Vil du bli vår nye skipsførar?

Ferger

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan hurtigbåttransport, sentralt i Bergen!

Fjord1 er ein leiande pionér i det grøne skiftet, og skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvenleg ferje- og hurtibåttransport. No utvidar vi hurtigbåtsegmentet vårt med to ombygde fartøy og eitt nybygg som skal trafikkere Askøyruta frå Kleppestø, og Nordhordalandsruta frå Knarvik, til Strandkaien i Bergen sentrum.

Vi søkjer no ein skipsførar som ønskjer å bli ein del av besetninga på sambandet Kleppestø-Strandkaien (Askøyruta), på våre nye elektriske fartøy.

Skiftordning: 12 dagar på og 16 dagar av.

  • Veke 1 av arbeidsperioden: måndag-laurdag.
  • Veke 2 av arbeidsperioden: måndag-fredag. 

Du kan reise heim etter endt vakt og i helga, vi tilbyr hybelordning i arbeidsperioden.

 

Her får du ein trygg arbeidsplass, gode kollegaer og ein fleksibel turnus som gir rom for balanse mellom arbeid og fritid. 

 

Relevante kandidatar blir kontakta fortløpande.

Kvalifikasjoner:

  • Minimum D4 sertifikat
  • ROC/GMDSS-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Kvalifikasjonsbevis for navigatør på hurtiggåande fartøy
  • Min 6 mnd fartstid som navigatør på hurtiggåande fartøy
  • Krise-og passasjerhandtering
  • Gyldig helseattest

Personlige egenskaper:

Vi søkjer etter deg som er ein dyktig skipsførar med solid hurtigbåtkompetanse og inngåande kjennskap til maritime lover. Du utviser sterke leiareigenskapar og kan ta raske beslutningar i krevjande situasjonar, og har gode kommunikasjonsevner.

Vi tilbyr:

  • Lønn etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
  • Variert og spanande arbeid: Du vil arbeide med toppmoderne teknologi, og bidra til ei grønare framtid.
  • Fleksibel vaktordning: 12 dagar på og 16 dagar av. Veke 1 av arbeidsperioden: måndag-laurdag. Veke 2 av arbeidsperioden: måndag-fredag. 
  • Hybelordning ved Kleppestø kai i arbeidsperioden.
  • Attraktive velferdsordningar; firmahytter, leiligheiter, behandlingsforsikring, treningstøtte og gode rabattordnigar.
  • Eit godt arbeidsmiljø med støttande og dyktige kollegaer. 
  • Moglegheit for fagleg utvikling og vidare karriere innan maritim drift.
 

  • Company
    Fjord1 ASA
  • Application deadline
    10.12.2025
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Ferger
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5300, KLEPPESTØ
    ASKØY
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6472482
  • Look here for other jobs from Fjord1 ASA