Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
05.12.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5967137Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Helsefagarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Førde bu- og miljøteneste, eining 3, yt døgnkontinuerleg tenester til personar med psykisk utviklingshemming som treng langvarige og koordinerte tenester. Dette inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivet sine funksjonar som hygiene, ernæring og sosiale ferdigheiter. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar.
Arbeid i turnus med ein kombinasjon av vanlege vakter og langvakter, der nokre av vaktene også innebere sovande nattevakt.
Arbeidsoppgåver:
- yte god omsorg for brukarane våre
- oppfølging av brukarar med fokus på aktivisering, miljøterapi og daglege gjeremål
- bidra til å skape ein trygg atmosfære med omsorg, støtte, struktur og gode grenser for kvar enkel brukar
- praktiske oppgåver og førefallande arbeid
- oppgåver knytt til primærkontakt
- tett samarbeid med pårørande, verje og andre tverrfaglege instansar
Kvalifikasjonar:
- norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- førarkort kl. B
- meistre godt norsk munnleg og skriftleg
- personleg eigenskapar vert vektlagt
- evne til samspel med brukarar, pårørande, kollegaer og andre vi samarbeider med
- vere ein trygg og tydeleg vaksen person som set grenser på ein omsorgsfull måte
- politiattest må leverast før start i stilling
Personlege eigenskapar:
Vi ønskjer ein person som:
- vil bidra positivt til eit fagleg og kollegial godt miljø
- er punktleg og påliteleg
- trivast i ein aktiv kvardag og har evne til endring
- syner fagleg tryggleik, tillit og respekt
- behandlar brukarar og pårørande profesjonelt og empatisk
- er løysingsorientert og fleksibel
- jobbar sjølvstendig og trivast med å jobbe aleine då mange av vaktene er 1-1 oppfølging
- er i stand til å ta i mot rettleiing i frå leiar og ansvarshavande
- er god på tverrfagleg samarbeid
- bidrar til å skape trivsel på jobb
- har kapasitet til å arbeide langvakter og sovande nattevakter
Vi tilbyr:
- god opplæring
- høgt fagleg nivå med varierande utfordringar
- ein god arbeidsplass med inkluderande miljø der folk trivast på jobb.
- lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-avtale
Oppstart 2 januar 2025 eller ette nærare avtale.
Velkommen som søkar!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
05.12.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5967137Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
-
Miljøterapeut i langvaktsturnus
Sunnfjord kommune
FØRDE -
Miljøterapeut - 100 % fast stilling
Sunnfjord kommune
FØRDE -
Sjukepleiar 75% fast
Øygarden kommune
STRAUME -
Miljøterapeut og miljøarbeidar ved Miljøterapitenesta, Kristenbråten
Gol kommune
GOL -
Gruppeleiar Natt-tenesta
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND