• Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    12.04.2026
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6573785
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
Vacancy

Sogndal kommune

Henjahaugane barnehage: 60 % vikariat som fagarbeidar eller assistent

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med på laget i ein barnehage der naturglede, skaparglede og leik pregar kvardagen?

Henjahaugane barnehagen ligg fint til på Henja på Leikanger, med gode moglegheiter for turar og aktivitetar i flott natur i nærområdet. I tillegg til hovudhuset med 3 avdelingar, byr uteområdet også på grillhytte, frittståande hus med romsleg grupperom, drivhus og stor grønsakhage. Her jobbar me heile året med naturglede, berekraft og foredling av råvarer henta frå eigen hage og naturen kring. Barn og vaksne trivest godt med å skape og smake saman.

No har me eit ledig 60 % vikariat som fagarbeidar eller assistent frå 1. august 2026 til 15. august 2027. Den kan også vere mogeleg å kombinere med stilling som tilkallingsvikar om du ynskjer det. 

Kva går jobben ut på?
Du er med i leik og aktivitet, støttar og anerkjenner barna sin rett til medverknad i eigen kvardag. Du bidreg til at barna opplever eit trygt og godt leike -og læringsmiljø i barnehagen.

Du er med og legg til rette for eit inkluderande og utviklande miljø for barna, og viser interesse og engasjement for dei. Du samarbeider tett med pedagogisk leiar og kollegaer om det daglege arbeidet, og bidreg til gode prosessar og relasjonar i barnegruppa. Samtidig er du ein aktiv del av fellesskapet i heile barnehagen, både fagleg og sosialt. 

Kven ser me etter?
Du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller har særleg interesse for å jobbe med barn. Erfaring frå barnehage er ein fordel, men ikkje eit krav. Du likar å vere i aktivitet, både ute og inne. Du trivst med å vere med i leiken, og du evnar å ta barneperspektivet. Du er stabil, tek initiativ og samarbeider godt med andre. 

Kvifor jobbe hjå oss?
Du får ein kvardag der du får bruke deg sjølv aktivt, og der dagane sjeldan er like. Me jobbar systematisk med rettleiing, og du får oppfylging i barnehagen og gjennom felles opplegg for nytilsette i kommunen. Du kjem inn i eit fagmiljø der me deler erfaringar med kvarandre og utviklar oss saman. Her er det rom for å bidra, prøve og lære. 

Leiken står sentralt
I Sogndalsbarnehagen er leik eit prioritert satsingsområde. Me jobbar med leik som grunnlag for utvikling av relasjonar, og utvikling av eit trygt barnehagemiljø. Her er det plass til både leikande barn og leikande vaksne. 

Litt om å jobbe i Sogndal kommune
Her bur omlag 12 000 innbyggjarar og kommunen har rundt 1300 tilsette. Me er ein kunnskapsbasert og framtidsretta kommune, og jobbar kvar dag for å utvikle gode tenester for innbyggjarane våre. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette speglar folkesetnaden elles. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader. I tråd med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjorde, sjølv om du ber om unntak. Du blir varsla før eventuell offentleggjering.

Politiattest må leggjast fram før tilsetjing. 

 

  • Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    12.04.2026
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6573785
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune