• Company
    Fjord1 ASA
  • Application deadline
    14.02.2025
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Ferger
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6044819
  • Look here for other jobs from Fjord1 ASA
Vacancy

Fjord1 ASA

Nautiker til byggjetilsyn i Tyrkia

Ferger

Vi søkjer nautiker til engasjement som inspektør i byggetilsyn i Tyrkia.

Vil du vere med på utvikling, realisering og oppstart av nye ferjer? Vi søkjer nautiker til engasjement som inspektør i byggetilsyn i Tyrkia.

Fjord1 søkjer etter ein nautikar til eit spennande engasjement som byggjetilsyn inspektør ved Tersan Shipyard i Tyrkia under bygging av ny ferje til sambandet Rysjedalsvika-Krakhella-Rutledal, samt ferjer til andre samband. 

I perioden fram til ein etablerar seg på byggjetilsyn deltek inspektørane i prosjektplanlegging og godkjenning av utstyr og teikningar frå hovudkontoret i Florø.

Kvar av ferjene skal ha kapasitet til 60 personbileiningar og 199 passasjerar, og vil bli utrusta med batteri og ladesystem for elektrisk drift på sambanda. Design og teikningar er det LMG Design som står bak.  

Fartøya skal leverast frå verft mellom oktober 2026 og januar 2027.

Byggjetilsynet består av ein kombinasjon av eksterne byggjeplassleiar og disiplin-inspektørar, samt maskinist og nautiker frå Fjord1 for å nytte intern kompetanse og ivareta erfaringsoverføring. 

Engasjementet følgjer ein turnus med fire veker på verftet i Tyrkia, etterfølgd av ei veke på kontoret i Florø og tre veker avspasering.

Når byggjeprosjektet er ferdigstilt, tilbyr vi fast stilling som nautikar i Fjord1.


Dette er ei unik moglegheit for deg som vil vere med og forme framtidas ferjer og samtidig bygge vidare på di faglege kompetanse i eit innovativt og framtidsretta arbeidsmiljø.

 

Ved mange kvalifiserte søkjera kan det vere aktuelt å ansette fleire i rolla.

Kvalifikasjoner:

  • Nautiker
  • Gode engelskkunnskapar er ønskjeleg
  • Allmenn datakunnskap
  • Erfaring frå nybygging vil vere ein fordel, men ikkje noko krav
  • Gode ferdigheiter i bruk av selskapet sine vedlikeholds- og og styringssysten

Personlige egenskaper:

  • Systematisk
  • Ansvarleg
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Evne til å arbeide i team
  • Ønskje om å bidra til at Fjord1 når sine målsettingar

Vi tilbyr:

  • Attraktive lønnsvilkår
  • Rotasjonsordning, 5 veker på 3 veker av  
  • Kompetansefremjande stilling innan nyskapande og framtidsretta teknologi for ferjer
  • Utfordrande arbeidsoppgåver
  • Fri bustad på arbeidsstaden
  • Moglegheit for deltaking på seglas frå byggeverft til Norge
  • Etter endt engasjement i byggetilsyn tilbyr vi fast stilling som nautiker i Fjord1.
 

  • Company
    Fjord1 ASA
  • Application deadline
    14.02.2025
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Ferger
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6044819
  • Look here for other jobs from Fjord1 ASA