Företag
Fjord1 ASAAnsökningstiden
14.02.2025Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
FergerUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAntal befattningar
1Karriere-kod
6044819Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Nautiker til byggjetilsyn i Tyrkia
Ferger
Vi søkjer nautiker til engasjement som inspektør i byggetilsyn i Tyrkia.
Vil du vere med på utvikling, realisering og oppstart av nye ferjer? Vi søkjer nautiker til engasjement som inspektør i byggetilsyn i Tyrkia.
Fjord1 søkjer etter ein nautikar til eit spennande engasjement som byggjetilsyn inspektør ved Tersan Shipyard i Tyrkia under bygging av ny ferje til sambandet Rysjedalsvika-Krakhella-Rutledal, samt ferjer til andre samband.
I perioden fram til ein etablerar seg på byggjetilsyn deltek inspektørane i prosjektplanlegging og godkjenning av utstyr og teikningar frå hovudkontoret i Florø.
Kvar av ferjene skal ha kapasitet til 60 personbileiningar og 199 passasjerar, og vil bli utrusta med batteri og ladesystem for elektrisk drift på sambanda. Design og teikningar er det LMG Design som står bak.
Fartøya skal leverast frå verft mellom oktober 2026 og januar 2027.
Byggjetilsynet består av ein kombinasjon av eksterne byggjeplassleiar og disiplin-inspektørar, samt maskinist og nautiker frå Fjord1 for å nytte intern kompetanse og ivareta erfaringsoverføring.
Engasjementet følgjer ein turnus med fire veker på verftet i Tyrkia, etterfølgd av ei veke på kontoret i Florø og tre veker avspasering.
Når byggjeprosjektet er ferdigstilt, tilbyr vi fast stilling som nautikar i Fjord1.
Dette er ei unik moglegheit for deg som vil vere med og forme framtidas ferjer og samtidig bygge vidare på di faglege kompetanse i eit innovativt og framtidsretta arbeidsmiljø.
Ved mange kvalifiserte søkjera kan det vere aktuelt å ansette fleire i rolla.
Kvalifikasjoner:
- Nautiker
- Gode engelskkunnskapar er ønskjeleg
- Allmenn datakunnskap
- Erfaring frå nybygging vil vere ein fordel, men ikkje noko krav
- Gode ferdigheiter i bruk av selskapet sine vedlikeholds- og og styringssysten
Personlige egenskaper:
- Systematisk
- Ansvarleg
- Fleksibel og løysingsorientert
- Evne til å arbeide i team
- Ønskje om å bidra til at Fjord1 når sine målsettingar
Vi tilbyr:
- Attraktive lønnsvilkår
- Rotasjonsordning, 5 veker på 3 veker av
- Kompetansefremjande stilling innan nyskapande og framtidsretta teknologi for ferjer
- Utfordrande arbeidsoppgåver
- Fri bustad på arbeidsstaden
- Moglegheit for deltaking på seglas frå byggeverft til Norge
- Etter endt engasjement i byggetilsyn tilbyr vi fast stilling som nautiker i Fjord1.
Företag
Fjord1 ASAAnsökningstiden
14.02.2025Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
FergerUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAntal befattningar
1Karriere-kod
6044819Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
-
Maskinist til byggjetilsyn i Tyrkia
Fjord1 ASA
-
Er du vår nye ambulerande overstyrmann for framtidas hurtigbåtar?
Fjord1 ASA
FLORØ -
Bli med å bygge framtidas hurtigbåtar og din eigen flytande arbeidsplass!
Fjord1 ASA
HYEN -
Vil du bli vår nye maskinsjef?
Fjord1 ASA
KVANNE -
Vil du bli vår nye maskinsjef?
Fjord1 ASA
FLORØ