• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    27.07.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5337, RONG
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6279942
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Ledig stilling

Øygarden kommune

Sjukepleiar/Vernepleiar 80 % stilling i vikariat på forsterka skjerma eining

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om Tednebakkane omsorgssenter

Tednebakkane omsorgssenter ligger i naturskjønne omgivnadar med utsikt mot Hjeltefjorden på Rong i Øygarden Kommune. Vi er ein liten sjukeheim med ein somatisk avdeling, ein demensavdeling og ein skjerma eining med til saman 45 sengeplassar. I tillegg har vi eit dagtilbod med opp til 12 plassar.

Vi har eige kjøkken og kantine. Fagdekninga er god og trivselen er i fokus. Ønskjer du å være en del av vårt trivelege fellesskap, er du hjarteleg velkommen til å søke jobb hjå oss.

Vi har no ledig 80% stilling som sjukepleiar/vernepleiar i vikariat 6mnd i langvaktsturnus i forsterka skjerma eining. Vikariatet er ledig frå omgåande på forsterka skjerma eining som har 4 langtidsplassar.

Arbeidsoppgåver:
  • Være ein del av sjukepleiarteamet
  • Utføre sjukepleiar oppgåver
  • Kartlegge miljøtiltak opp mot bebuar sitt behov
  • Dokumentere i journalsystemet CosDoc
  • Medisinansvar
  • Sjukepleiarkontakt for bebuarar
  • Sjå den enkelte bebuar sitt hjelpebehov
  • Fremme aktivitet og det sosiale i avdelinga.
Kvalifikasjonar:
  • Autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar
  • 3.års sjukepleiarstudentar vert oppfordra til å søkje. Vurdering til stilling er under føresetnad av at utdanning vert fullført og autorisasjon føreligg. Eventuell tilsettingsdato vert sett til dato som samsvarar med dette.
  • Ønskjeleg med erfaring frå arbeid knytt til eldreomsorg, men dette er ikkje eit krav.
  • Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
  • Personleg eigenskap vert vektlagd

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner.
  • Kunne jobbe sjølvstendig så vel som i tverrfagleg team.
  • Godt humør, være open, ærleg og lojal.
  • Være glad i å jobbe med menneske og engasjement for eldreomsorga

Vi tilbyr:

  • Konkurransedyktig løn: Kr 35 000 (for sjukepleiar) og kr 25 000 (for vernepleiar) per år over tariffløn
  • Gode arbeidsvilkår: Gratis parkering, gode gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling.
  • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån 

Ved spørsmål om stillinga kontakt:

Einingsleiar Hilde Elin Nilsen tlf 47796852 e-post hilde.elin.nilsen@oygarden.kommune.no

Avdelingsleiar Kjersti Dagestad tlf 457 36 293 e-post kjersti.dagestad@oygarden.kommune.no

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    27.07.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5337, RONG
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6279942
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune