Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
27.07.2025Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5337, RONG
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
6279942Se här för andra jobb från Øygarden kommune
Øygarden kommune
Sjukepleiar/Vernepleiar 80 % stilling i vikariat på forsterka skjerma eining
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om Tednebakkane omsorgssenter
Tednebakkane omsorgssenter ligger i naturskjønne omgivnadar med utsikt mot Hjeltefjorden på Rong i Øygarden Kommune. Vi er ein liten sjukeheim med ein somatisk avdeling, ein demensavdeling og ein skjerma eining med til saman 45 sengeplassar. I tillegg har vi eit dagtilbod med opp til 12 plassar.
Vi har eige kjøkken og kantine. Fagdekninga er god og trivselen er i fokus. Ønskjer du å være en del av vårt trivelege fellesskap, er du hjarteleg velkommen til å søke jobb hjå oss.
Vi har no ledig 80% stilling som sjukepleiar/vernepleiar i vikariat 6mnd i langvaktsturnus i forsterka skjerma eining. Vikariatet er ledig frå omgåande på forsterka skjerma eining som har 4 langtidsplassar.
Arbeidsoppgåver:- Være ein del av sjukepleiarteamet
- Utføre sjukepleiar oppgåver
- Kartlegge miljøtiltak opp mot bebuar sitt behov
- Dokumentere i journalsystemet CosDoc
- Medisinansvar
- Sjukepleiarkontakt for bebuarar
- Sjå den enkelte bebuar sitt hjelpebehov
- Fremme aktivitet og det sosiale i avdelinga.
- Autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar
- 3.års sjukepleiarstudentar vert oppfordra til å søkje. Vurdering til stilling er under føresetnad av at utdanning vert fullført og autorisasjon føreligg. Eventuell tilsettingsdato vert sett til dato som samsvarar med dette.
- Ønskjeleg med erfaring frå arbeid knytt til eldreomsorg, men dette er ikkje eit krav.
- Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
- Personleg eigenskap vert vektlagd
Personlege eigenskapar:
- Gode samarbeidsevner.
- Kunne jobbe sjølvstendig så vel som i tverrfagleg team.
- Godt humør, være open, ærleg og lojal.
- Være glad i å jobbe med menneske og engasjement for eldreomsorga
Vi tilbyr:
- Konkurransedyktig løn: Kr 35 000 (for sjukepleiar) og kr 25 000 (for vernepleiar) per år over tariffløn
- Gode arbeidsvilkår: Gratis parkering, gode gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling.
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Ved spørsmål om stillinga kontakt:
Einingsleiar Hilde Elin Nilsen tlf 47796852 e-post hilde.elin.nilsen@oygarden.kommune.no
Avdelingsleiar Kjersti Dagestad tlf 457 36 293 e-post kjersti.dagestad@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
27.07.2025Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5337, RONG
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
6279942Se här för andra jobb från Øygarden kommune