• Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    12.04.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6573793
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
Ledigt jobb

Sogndal kommune

Vikariat som fagarbeidar/assistent, Ylvisåker barnehage

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ylvisåker barnehage er ein del av Norane oppvekstsenter og ligg i naturskjønne omgjevnader ved fjorden ein kort biltur frå Sogndal sentrum.

Det er gode kommunikasjonstilbod til og frå Ylvisåker. Barnehagen har eit fantastisk uteområde som er mykje brukt og me har stort fokus på friluftsliv. Barnehagen har tre avdelingar og om lag 10 tilsette barnehageåret 2026-2027.

I Ylvisåker barnehage er du med barna i kvardagen. Du deltek i leik, byggjer relasjonar og bidreg til eit trygt og godt miljø der barna får utvikle seg.

Om stillinga:
Ledig inntil 150% vikariat som fagarbeidar/assistent frå og med 12.08.2026. Kan bli aktuelt tidlegare.

Arbeidsoppgåver:

  • Hjelpe barn med ei sosial utvikling gjennom kommunikasjon, samhald og inkludering, fellesskap, leik, utforsking og læring
  • Rettleie barn til å ta ansvar
  • Planlegge og gjennomføre aktivitetar
  • Vere eit godt førebilete for barna

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
  • Anna relevant utdanning og erfaring vil bli vurdert og kan vere aktuell.
  • Fagleg sterk og ser betydninga av refleksjon rundt praksis
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Må vere symjedyktig og kunne ta livredningsprøve
  • Interesse og engasjement for friluftsliv for barn

Personlege eigenskapar:

  • Har godt humør, stå på vilje og engasjement til beste for barna
  • Tek utfordringar og ser moglegheiter
  • Kan inspirere andre medarbeidarar slik at desse får brukt sitt potensiale
  • Ønsker å bidra til deling og vil delta aktivt for å utvikle vår eining
  • Evner å skape gode relasjonar med alle barn, føresette og medarbeidarar
  • Er open for refleksjon over eigen praksis og bidreg aktivt til at barnehagen utviklar seg som lærande organisasjon

Me tilbyr:

  • Ein viktig og meiningsfull jobb saman med store og små menneske
  • Ein spanande jobb der du får bruke deg sjølv og kan bidra med dine ressursar
  • Varierte dagar inne og ute.

Litt om oss
Sogndal kommune har om lag 12 000 innbyggjarar og rundt 1300 tilsette. Me er ein kunnskapsbasert og framtidsretta kommune, og jobbar kvar dag for å utvikle gode tenester for innbyggjarane våre.Politiattest må leggjast fram før tilsetjing.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette speglar folkesetnaden elles. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader.

I tråd med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjorde, sjølv om du ber om unntak. Du blir varsla før eventuell offentleggjering.

 

  • Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    12.04.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6573793
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune