Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
12.04.2026Heltid/Deltid
DeltidBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6572404Se här för andra jobb från Sogndal kommune
Sogndal kommune
Vil du jobbe tett på barna i Fjærland barnehage?
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
I Fjærland barnehage jobbar du ikkje berre i ein barnehage. Du blir ein del av eit lite oppvekstsenter der barnehage, skule og SFO heng tett saman i kvardagen.
No har me følgjande stillingar ledige frå 15.08.2026:
20 % fast stilling som assistent/fagarbeidar
20 % vikariat som assistent/fagarbeidar (15.08.2026–14.08.2027)
20 % fast stilling som barnehagelærar
Stillingane som assistent/fagarbeidar kan kombinerast.
Ein liten barnehage med tett samarbeid
Fjærland barnehage er ein del av Fjærland oppvekstsenter, saman med skule og SFO.
Barnehagen har éi avdeling med plass til 18 barn i alderen 1 til 6 år. Frå hausten vil det vere ei mindre barnegruppe med rundt 12 barn.
Det gir ein kvardag med god oversikt, tett kontakt med barna og gode moglegheiter for samarbeid på tvers av barnehage, skule og SFO.
Kva vil du jobbe med?
Som tilsett hos oss blir du ein del av ein liten stab der alle bidreg i kvardagen. Du skal:
- Vere tett på barna i leik og aktivitet
- Bidra til trygge og gode dagar
- Støtte barna i utvikling og samspel
- Samarbeide med kollegaer, føresette og tilsette i skule og sfo
I ein liten barnehage må ein ofte vere fleksibel, og du får bruke fleire sider av deg sjølv i løpet av ein dag.
Kven ser me etter?
For stilling som barnehagelærar krevst godkjend utdanning.
For assistent/fagarbeidar ønskjer me fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men relevant erfaring kan vege opp for dette.
For alle stillingar ser me etter deg som:
- Er trygg og til stades i møte med barna
- Tek ansvar og bidreg der det trengst
- Samarbeider godt med andre
- Trivst i ein kvardag med små forhold og varierte oppgåver
Kvifor velje Fjærland?
Her jobbar du i eit lite fagmiljø der du blir godt kjend med både barn og kollegaer. Samarbeidet med skule og SFO gir ein samanheng i kvardagen som du ikkje finn i større barnehagar.
Du får ein kvardag med:
- Tett oppfølging av barna
- Korte avstandar og raskt samarbeid
- Varierte oppgåver i løpet av dagen
Praktisk informasjon
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette speglar folkesetnaden elles. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader.
I tråd med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjorde, sjølv om du ber om unntak. Du blir varsla før eventuell offentleggjering.
Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
12.04.2026Heltid/Deltid
DeltidBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6572404Se här för andra jobb från Sogndal kommune
-
100 % vikariat som fagarbeidar/assistent i Notsete barnehage
Sogndal kommune
SOGNDAL -
100 % vikariat som barnehagelærar i Kjørnes barnehage
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Sommarjobb for 10. klassingar
Aukra kommune
AUKRA -
Fagarbeidar
Ål Kommune
ÅL -
Sjukepleiarar / vernepleiarar: Vil du bruke faget ditt der det verkeleg tel?
Sogndal kommune
SOGNDAL